AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Skrifta på kyrkjeveggen

 

Den rekonstruerte skriftstaden som heng på høgre side framme i Fjotland kyrkje. (Foto: Svein Arne Myhren)

På veggen over klokkarstolen i Fjotland kyrkje heng det tre samanføydde trefjøler med eit bibelord skore ut med med store bokstavar, i eit språk dei færraste av oss skjønar.

På tri samanføydde trefjøler som heng på høgre sida over klokkarstolen framme i kyrkja, kan ein lesa: BEATI QUI AUDIUNT / VERBUM DEI ET CUSTO / DIUNT ILLUD : LUC 11  28. Orda finn ein som ein kanskje skjønar i Lukas 11, 28: «Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.»
Ein meiner at innskrifta er frå om lag 1500, i alle fall frå før reformasjonen. Dette kan ein seia ut frå skurden. Ein kan òg tidfesta det slik ettersom det er ei latinsk innskrift det er tale om. Latinsk var det katolske kyrkjespråket, medan ein etter reformasjonen tok til å bruka det danske skriftspråket i den kongestyrde statskyrkja. Dansk rådde alt grunnen i styringsverk og rettsvesen i Danmark-Noreg.
Då den fyrste kyrkja i Fjotland blei bygd på slutten av 1600-talet, hyste ho etter kvart både altar og altarskåp. Skriftordet har truleg høyrt til noko av dette. Det er vidare sannsynleg at dette har kome frå ei kyrkje i eit av grannesokna til Fjotland. Det skal ha vore soknepresten, Godtzen, som gav altarskåpet til kyrkja. 
Då dei reiv gamlekyrkja midt på 1830-talet, var det mykje av inventar og bygningsmaterialar som blei brukt om att. Ein god del av tømmeret blei brukt til å skjera spon til taket til den nye kyrkja. Mykje av sjølve innreiinga blei spreidd kring om i bygda. Me veit mellom anna at eit gammalt altarskåp og anna, kom til Fossdal i Fjotland, men at desse gjenstandane seinare tok vegen til andre gardar i området. Ein del av dette «kyrkjegodset» har det vore ålment kjent at stamma frå den gamle kyrkja. Og då fjotlandskyrkja stod ferdig restaurert i 1936, blei mykje av det gamle inventaret som t.d. dei gamle, utskorne benkevangane, henta inn att og gjorde sitt til å skapa det vakre og fargerike kyrkjeromet me kjenner i dag.
Men skriftstaden på veggen kom ikkje inn att i varmen då. Det kom seg av det at fjøla ikkje blei oppdaga før nokre år seinare. Martin Mygland (1884 – 1970) på Mygland i Fjotland hadde ein gong kjøpt ein gammal kornbinge frå Fossdal på ein auksjon, og utan å ana det hadde han fått ei fleire hundre gamal trefjøl med på kjøpet. Tron Mygland (f. 1929), son av Martin Mygland, fortel om korleis denne gamle fjøla kom fram att i lyset: «Det var under krigen, og me dreiv på med å byggja eit nytt trev på låven. To gamle kornbingar som stod litt i vegen der nede på låvegolvet, blei heist opp på det nye trevet. Det var under dette arbeidet det blei oppdaga at ei fjøl på eine bingen var noko meir enn ei vanleg trefjøl. Etterkvart tilkalla me Johan Jerstad, bygdebokforfattaren, som ferierte på Mygland. Han gjekk vidare med dette, og han fann så ut kva dette måtte ha vore.»
Skriftstaden som heng i kyrkja i dag, er ein rekonstruksjon der den nedste fjøla med siste linja fram til bokstaven C er den originale fjøla som blei attfunnen på Mygland. Det var cand. theol. Ingolf Kvamen ved Norsk Historisk Kjeldeskriftinstitutt som hjelpte Johan Jerstad med å tyda og finna ut korleis innskrifta truleg hadde vore og teke seg ut. Trygve Eftestøl (1901 – 1993) frå Risnes i Fjotland, som var ein hag og dugande treskjerar, tok oppdraget med å rekonstruera heile innskrifta. Ein gong på 1960-talet blei så den gamle fjøla og resten av det rekonstruerte skriftordet frå Lukasevangeliet sett opp på korveggen framme i kyrkja, til glede for nye generasjonar av fjotlendingar og tilreisande som sæle kjem inn i kyrkja for å høyra Guds ord og ta vare på det.

Svein Arne Myhren

- Antall besøkende: 967889 - Online: 3 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart